Skip to content

http://www.nedstrand.info/

Increase font size Decrease font size Default font size
Du er her: Heim
Nedstrand!
Skulefri, men ope bibliotek! PDF Skriv ut E-post
Skrive av Bjørg Rørtveit   
laurdag 18. februar 2012 10:46

Hugs: Biblioteket på skulen er OPE i vinterferien! Innevær passar godt for å nyte film, musikk, tidsskrift- eller ei god bok. Ta turen innom måndag 9-15 og onsdag 16-19. Lånekort frå heile landet kan nyttast!

 
Espevik skule vert lydstudio. PDF Skriv ut E-post
Skrive av Bjørg Rørtveit   
søndag 12. februar 2012 20:20

Espevik skule er seld til Lars Kåre Hustoft som har mange spennande planar for bygget. Les meir i Tysvær Bygdeblad.

 
NB! PDF Skriv ut E-post
Skrive av Bjørg Rørtveit   
søndag 12. februar 2012 00:00

Har du informasjon som burde stått her? Husk å melde inn til nettsida om smått & stort! Sida blir ikkje meir oppdatert og innhaldsrik enn det DU er med å gjere den til! E-post: Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa

Sist oppdatert søndag 12. februar 2012 20:27
 
Haugaland Vekst Prosjekt Nedstrand 2020 PDF Skriv ut E-post
Skrive av Bjørg Rørtveit   
torsdag 05. januar 2012 11:11

Som mange veit er Haugaland Vekst engasjert av Tysvær kommune til å gjennomføre prosjektet Nedstrand 2020 der målet er å iverksette tiltak som tar grep om mulighetene og framtida til Nedstrand innan nærings- og samfunnsutvikling. Prosjektet har nå fått si eiga side der du kan lese meir og halde deg oppdatert! Særelg interessant for alle som går med planar eller idear om næring eller anna utvikling for Nedstrand. Kontaktperson for prosjeket er Anette Sæther Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa tlf 52 01 08 21 Mobil: 915 41 774

 
Mange nye kurs på programmet i Kystlaget PDF Skriv ut E-post
Skrive av Trond Martinsen   
måndag 26. desember 2011 18:06

Kvifor ikkje bruke fritida til å lære noko nytt? Det er både spennande, lærerikt og sosialt å gå på kurs, og Kystlaget har mange ulike tilbod til aktive nedstrendingar utover vinteren og våren:
Dato for oppstart: Bunadsskjortesøm: 10.januar Båtførerprøven: 17.januar Grindabygging: 28.januar, Nålebinding: 4.og 5.februar Vedlikehald av båt: 21.februar, Pølsemaking 10.mars og Presenningsying 3.april

Me er avhengige av et minimum av påmeldte for å gjennomføre dei ulike kursa. For påmelding til kurs kontakt Sissel Skogland på tlf.99 529 05 eller Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa

Sist oppdatert måndag 26. desember 2011 18:32
 
Referat frå møte i NBUV 15.desember PDF Skriv ut E-post
Skrive av Bjørg Rørtveit   
laurdag 24. desember 2011 13:24

Over 20 personar hadde møtt fram til det siste møtet I Nedstrand Bygdeutval for 2011. Før me tok fatt på den formelle agendaen, vart det servert julagraut og saft til dei frammøtte. Under følgjer ei kort oppsummering av møtet:

Sist oppdatert laurdag 24. desember 2011 13:26
Les meir…
 
DET skulle me gjort...eller hatt på Nedstrand... PDF Skriv ut E-post
Skrive av Bjørg Rørtveit   
fredag 16. desember 2011 16:37

Har du eit prosjekt eller ide om noko du ynskjer å gjennomføre på Nedstrand? Noko som kjem fellesskapet, samfunnet og bygda til gode? Me vil gjerne ha dine forslag! Send e-post til Trond Martinsen ( Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa ) eller Bjørg Rørtveit ( Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa ) innan 1.januar 2012. Kanskje er det ditt forslag som i samarbeid med Nedstrand 2020 / NBUV kan få økonomisk støtte til gjennomføring neste år?

 
Flyfoto over Nedstrands-bygdene PDF Skriv ut E-post
Skrive av Bjørg Rørtveit   
søndag 30. oktober 2011 18:58

Mange har sikkert lagt merke til dei flotte bileta av bygdene i Nedstrand som har vore på baksida av Tysvær Bygdeblad dei siste vekene. Både Stranda, Hinderåvåg og Espevik er fotografert frå fly, noko som gir svært gode oversiktsbilete. Fotograf er Reidar Nordmark, Tysvær Foto. Når serien er avslutta vil bileta bli lagt ut på heimesida til Tysvær Foto, men ikkje i like god oppløysing som det du får om du kjøper direkte frå fotograf. Prisane for bilete i laminert plast er for str 24x30: 850 kr. For str 28x35: 1100,- kr og for str 32x40: 1400 kr. Større kan og skaffast. Kontaktinformasjon finn du på nettsida.

 
Status- planteprosjektet i regi av NBUV PDF Skriv ut E-post
Skrive av Anne Brit Gryte   
søndag 30. oktober 2011 18:45

For å forskjønna bygdene på Nedstrandhalvøya er det sett i gong eit planteprosjekt. Dette er gjort med tanke på å skapa meir trivsel for dei fastbuande og samtidig virka tiltrekkjande på tilreisande og turistar.

Sist oppdatert søndag 30. oktober 2011 18:48
Les meir…
 
<< Start < Førre 1 2 3 4 5 Neste > Siste >>

Side 1 av 5
Del på facebook

Rutetabellar


Bussruter.

Båtruter.

Ferjeruter Rogaland

Oppdaterte Fly, ferjetrafikk
og Vegmeldingar

Kalender

<<  Februar 2012  >>
 m  t  o  t  f  l  s 
    1  2  3  4  5
  6  7  8  9101112
13141516171819
20212223242526
272829    

Været

Boknafjorden
Noreg
Torsdag 23.02.2012
Regnfra vest6°C8.3m/s
2.9mm
Fredag 24.02.2012
Regnfra vest6°C14.8m/s
1.7mm
Laurdag 25.02.2012
Klårvêrfra nord-nordvest4°C7.6m/s
0.1mm
Søndag 26.02.2012
Regnfra vest5°C4.5m/s
0.4mm
Mandag 27.02.2012
Regnfra sør6°C9.5m/s
2.4mm
Klikk for meir detaljar: yr.no

Besøk

Vi har 5 gjestar her no

Arkivert innhald